Tekst: Håvard Krøvel-Velle
For vel ein månad sidan fekk elevane den tunge beskjeden om at me vart nøydde til å avlyse årets musikal grunna korona. No er musikk- og medieelevane derimot godt i gong med å lage tre feite musikkvideoar, og stemninga er god!
For å gi prosjektet ein “profesjonell brodd” vert låtane spelt inn i Audiofarm Studio, med tidlegare musikkelev Anders Boska bak spakane. I tillegg har me rådført oss med profesjonelle aktørar i mediebransjen: Dave King har kursa elevane i storyboarding, og Tyler Sparks og Einy Aam Sparks har hjelpt elevane med å planlegge visuelle effekter og diverse filmtriks.
Sjå bilettekstene i biletgalleriet nedanfor for fleire detaljar om den hendingsrike veka som gjekk.
Følg oss vidare!
Musikkelevane og klasse 2MK vil vere fullt opptekne med sjølve musikkvideoproduksjonen framover, men både vg1- og vg3-elevane på MK vil bidra etter vinterferien: 1MK vil danne ein liten medieredaksjon og fore denne nettsida og musikalen sine SoMe-kontoar med innhald, og 3MK vil lage TV-studio og gjennomføre sendingar med reportasjer og spennande innslag. I tillegg vil både MU- og MK-elevar bruke sine respektive SoMe-kontoar aktivt i denne perioden.
- Musikalen på Facebook
- Musikalen på Instagram
- Musikalen på TikTok (kjem)
- Musikklinja på Facebook
- Musikklinja på Instagram
- Medielinja på Facebook
- Medielinja på Instagram
- Medielinja på TikTok
- Medielinja på Snapchat (@mkvolda)
Mimre litt?
Du kan også mimre attende til tidlegare musikalar (attende til 2013) ved å skrive det aktuelle årstalet framfor musikalen.no:
- 2020.musikalen.no
- 2019.musikalen.no
- 2018.musikalen.no
- 2017.musikalen.no
- 2016.musikalen.no
- 2015.musikalen.no
- 2014.musikalen.no
- 2013.musikalen.no
Og P.S. Me kjem sterkt attende med ein heidundrandes jubileumsmusikal i 2022!