Om prosjektet

Pressemelding

Volda vidaregåande skule

MUSIKKVIDEO I STADEN FOR MUSIKAL

Då den årlege musikalen ved Volda vidaregåande skule dessverre måtte avlysast på grunn av koronaviruset i år, sette dette i gang ein enorm kreativitet hjå elevar og lærarar ved musikk- og medielinjene ved skulen.

Korsong i kohortar på skuleplassen. Foto: Hildur Sandstad Dalen
* Musikklinja klare for TikTok-stunt på skuleplassen. Foto: Hildur Sandstad Dalen

I heile 25 år har vi fått servert musikalar frå elevar og lærarar ved Volda vidaregåande skule, og det som i si tid starta som eit lite skuleprosjektet er no å rekne som ein institusjon i seg sjølv. Difor er det ekstra trist å måtte avlyse i år, når vi eigentleg skulle feire 25-årsjubileum for musikalen, og i tillegg 20 årsjubileum for medielinja, seier produsent og avdelingsleiar Jan Terje Eidset. Han peikar likevel vidare på at feiringa berre er utsett til vi får meir normale tilhøve – og igjen kan få vist fram alle dei talentfulle ungdommane som finst i regionen vår til eit stort publikum.

Det er også trist at elevane våre går glipp av prosjektet i år, særleg for våre avgangselevar som ser på dette som ein stor og viktig del av avsluttinga på deira tid og «liv» på den vidaregåande skulen. Difor vart det ekstra viktig for oss å utforske moglegheitene for ei god «erstatning».

Musikk- og medieelevane er difor no fullt i gang med tre ulike musikkvideoprosjekt, der det både blir gjennomført studioinnspeling av musikk og song, og arbeidd med koreografi, dans og regi til filminnspeling – der det blir viktig å gje elevane ei kjensle av å vere med på eit stort og profesjonelt fellesprosjekt, akkurat slik musikalen har som hovudmål, og å kunne gje elevane eit minne for livet.

Alle musikkvideoane blir produserte på skulen lokalt, av eigne elev- og lærarkrefter, i tillegg til litt teknisk og fagleg hjelp frå profesjonelle aktørar.

Vi har fått god økonomisk støtte frå mange av dei same samarbeidspartnarane vi har gjennom musikalen, og såleis har vi kunna tileigne oss alle rettar for å kunne vise fram desse produksjonane på sosiale medium til alle som vil sjå! Det er vi svært glade for, seier Eidset.

Det vert etter alle solemerke premiere (via sosiale media) kort tid etter påske! Og då er du hjarteleg velkomen til å vere publikum frå din eigen sofakrok.

Alle er også svært velkomne til å følgje arbeidsprosess og produksjon på Volda vidaregåande skule sin musikalnettstad: 2021.musikalen.no

Volda vgs, 11.02.2021